23.september 2019; denne dagen fyller Bruce Springsteen 70 år. Ein sterkare posisjon i musikkverda får du ikkje, med mindre du er dau Sidan forrige årtusen har denne mannen sunge og spelt jordnære og ujålete sangar om nær sagt alle aspekt ved menneskelivet. 

Han er mannen som har helde opp ein spegel for deg. Du kan sjå deg sjølv, din kjære, dine foreldre, kjenne att kvardagsslivets kamp, tøffe tider og kva slags land du med dine meiningar og handlingar er med på å forme. Han er utvilsomt den mest hardtarbeidande og turnèkåte rockaren på denne planeten.

Han er sjef for det USA mange skulle ønske og håpe at USA kunne være: The promised Land of hope and dreams.

Så kva gjer ein når ein slik person rundar ein slik dag? Ein feirar skikkelig, sjølvsagt!
Difor har Inge Villy Hauge (Green Granadas) frå Bremanger og Ståle Søndrål Wick (Krom, Lothe, Green Granadas og Finn Erix`s Julebasarar) frå Hol, plukka vener frå oppveksten og flotte musikarar frå Bergensområdet for å lage til eit heidundrandes 70-årslag. Kva er det som har sett så djupe uslettelege spor i to bygdegutar?  

Med original E-street-besetning vil gjengen spele låtar frå heile katalogen på opprinneleg vis, her vert det ingen obskure eigentolkningar. Det vert ein kjendisfri konsert, der dedikerte musikarar respektfullt og ærefyllt skal gjere sitt ypperste for å gjere stas på denne mannen og hans musikk. 

Set av denne kvelden og bli med å feire Bruce Springsteen på Ole Bull Scene, på ekte New Jersey-vis.

IS THERE ANYBODY ALIVE OUT THERE?   

Bruce70 er:

Inge Villy Hauge, vokal og gitar

Ståle Søndrål Wick, gitar og vokal

Henning Reinton, tangentar og vokal

Kjetil Solberg, bass og vokal

Ole Rasmus Hjelle, gitar og vokal

Jarle Grotle, piano og vokal

Thomas Nøkling, saxofon

Emmanuel Desperados, trommer