Under parolen språk er sjov!

Gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ei hyggeleg og eksamensfri atmosfære!

Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Det handlar om mysteriet skarre-r, om kvifor det er akkurat høna me plukkar med kvarandre, om Kjartan Fløkstad sine språkblomar, om kjerringa med staven, om den fyrste song og om mykje meir.