Jon Hjørnevik er klar for Lille Ole Bull med ny diktsamling saman med gitarist og sjelesørgar Dagfinn Iversen.

Temaet er som vanleg små krigar og store krigar. Det vert krig mellom slektningar, ektefeller og naboar. Me møter personlege krigar og indre krig. Det går i Din krig og min krig. Altså: krig opp, krig ned og krig i mente.

Opplev nye hårreisande dikt i kombo med gamle, lyriske HITS.

PS! For deg som hatar dikt kan kvelden reddast av Iversens gitatonar eller god mat og drikke.