23.september 2019 fylte Bruce Springsteen 70 år. Dette vart feira av fans verda over, og på Ole Bull Scene hadde Inge Villy Hauge og Ståle Søndrål Wick samla eit kruttsterkt mannskap for å hylle og feire The Boss.

Lite visste dei om at over 500 mennesker skulle ta turen til Ole Bull Scene denne mandagen i september, og lite visste dei om at desse 500+ skulle lage eit lurveleven gjennom dei 3 timane som bandet brukte på å presentere 30 låtar frå Springsteen si lange karriere.

«Takk for ein kveld som overgikk ALT av forventningar»
«Kvelden vart uforgløymeleg»
«Fantastisk konsert!»
«Helt rått»
«Magisk Kveld»
«Full rulle i 3 timer»

Dette er berre nokon av meldingane publikum la ut på bandsida etter konserten.

Etter denne suksesskvelden har Ole Bull Scene og hyllestbandet kjent litt på si besøkelsestid, og komt fram til at, som ein publikummar sa; «En 71-årsdag er en altfor viktig begivenhet til å forbigåes i stillhet.»

Så den 23.september 2020 vil dei same musikarane stå på scena og feire Bruce Springsteen nok ein gong. Og dei vil presentere låtane til sjefen med den same kjærleiken og respekten som dei gjorde 23.09.19.

Var du på Ole Bull Scene denne septemberdagen i 2019, så veit du kva du går til. Var du det ikkje, så finn det ut.

Nok ein gong, set av 23.september og bli med å feire Bruce Springsteen på Ole Bull Scene, på ekte New Jersey-vis.

IS THERE ANYBODY ALIVE OUT THERE?

Bruce71 er;
Inge Villy Hauge, vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick, gitar og vokal
Henning Reinton, tangentar
Kjetil Solberg, bass
Ole Rasmus Hjelle, gitar og vokal
Jarle Grotle, piano og vokal
Anders Vengen Jensen, trommer
Phil Thomas, saxofon
Einar Rune Haugnes, barytonsaxofon
Jan Erik Reknes, trompet»

Early bird-pris kr 195 på de 50 første solgte billettene!