IS THERE ANYBODY ALIVE OUT THERE?
Bruce72!
Du får ikkje sjefen sjølv, men du får ein topptrimma Chevy with a 396, fuelie heads and a hurst on the floor.«The Promise – a tribute to Springsteen» kjem tilbake til Ole Bull Scene for å feire 72-årsdagen til den ekte sjefen over alle sjefer – Bruce Springsteen. Saman med deg!
Det starta med den store 70-årsdagen 23.09.19. Då samla Inge Villy Hauge og Ståle Søndrål Wick eit krutsterkt mannskap, og fylte salen på Ole Bull Scene for å hylle og feire The Boss. Suksessen førte til planlegging av reprise på 71-årsdagen eitt år etter, men så kom Corona, og alt vart uvisst. Etter nedstenging av Bergen på ettersommaren var det lite sannsynleg at bursdagsfesten kunne la seg gjennomføre, men nokre dagar før letta Bergen Kommune litt på restriksjonane, og v kunne feire 71-årsdag på Ole Bull Scene igjen med fullt hus og magisk stemning. Eit par timar med sjefen sitt materiale, levert med kjærleik, energi og respekt frå bandet som no har teke namnet «The Promise – a tribute to Springsteen»

Og no vert det Bruce72. Riktignok må det feirast eit par dagar etter sjølve bursdagen, men søndag den 26.september skal det visst bli feiring! Forhåpentlegvis har Corona tapt då, slik at man kan få brukt kapasiteten på Ole Bull Scene og at de kan synge og rope, hoppe og danse med bandet denne gongen. Ikkje vore på Bruce70 eller Bruce71? Vel, her er litt av kommentarane frå dei tidlegare konsertane;

«Eg er imponert over kor samspelte dåke er og kor godt dåke
gjenskaper den lyden vi elles reiser verda rundt for å oppleve»
«Vi treng glede meir enn nokon gong, og dette var kortreist supermoro!»
«Takk for ein kveld som overgikk ALT av forventningar»
«Kvelden vart uforgløymeleg»
«Fantastisk konsert!»
«Helt rått»
«Magisk Kveld»
«Full rulle i 3 timer»

Den 26.september 2021 vil dei same musikarane stå på scena og feire Bruce Springsteen nok ein gong. Og dei vil presentere låtane til sjefen med den same kjærleiken og respekten som dei har gjort før.
Har du vore på Bruce70 og/eller Bruce71, så veit du kva du går til. Har du det ikkje, så finn det ut.

Set av 26.september 2021, og bli med å feire Bruce Springsteen på Ole Bull Scene, på ekte New Jersey-vis.

The Promise – a tribute to Springsteen:
Inge Villy Hauge, vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick, gitar og vokal
Henning Reinton, tangentar
Kjetil Solberg, bass
Ole Rasmus Hjelle, gitar og vokal
Jarle Grotle, piano og vokal
Anders Vengen Jensen, trommer
Phil Thomas, saxofon
Einar Rune Haugnes, barytonsaxofon
Jan Erik Reknes, trompet


Dørene åpner kl 19.00
Showstart kl 20.00
Aldersgrense: 18 år
Ståplasser
Ledsager: ordinær pris