Dette arrangementet vil bli avholdt som planlagt med 50 gjester i salen ref. retningslinjer fra Bergen kommune.

Frå Slektserotikk til Kystens hore. Diktaren Jon Hjørnevik har skrive alt for mange saftige, morosame, tankevekkande, merkelege dikt.

Han har hatt minst tusen grensesprengande opplesingar rundt omkring.
Det blir for tungt å reise rundt med all denne lyriske skiten.
No må det kuttast ned.
Kraftig.

Han har difor sjølv plukka ut dei 69 beste dikta frå sine sju samlingar. Samstundes ynskjer diktaren å nytta høve til å dele sine lyriske svin for perler med eit stadig større publikum. Det grensar til det kvalmande når forfattaren sjølv presenterer, proklamerer og applauderer litt av det beste han sjølv har kokt i hop.

Med seg har han som alltid Dagfinn Iversen på gitar - bakarsonen, konjakkelskaren, målmannen og visesongaren som fortvila freistar å redda diktkvelden med sine gitartonar.

Dette kan ikkje gå bra.

Vel møtt til ein redusert kveld på Lille Ole Bull.