Showpakke: Kjøp hotell og billett til Claus Sellevoll

Likte du Singel & Sand eller Heim-serien? Då er dette showet med Claus Sellevoll midt i blinken for deg!
Claus kjenner vi som komikar, skodespelar og gardbrukar. Når han inviterer oss heim, er det til eit hus med mange og varierte rom.

Bislaget med slagstøvlar og oljeklede, éi stove til best, og éi til kvardags. Her er rom med lys - og krokar med skugge. Frå kjøkenet må du rekna med å få servert meir raspeballar og sosekjøt enn sushi og vegetar.

I «Heim til meg» vekslar Claus mellom det lettbeinte og det alvorsame. Han hentar i stor grad materialet sitt frå dei frodige karakterane han har møtt heime i Alversund, og i den mangfaldige strilekulturen.

I år er det 20 år sidan scenedebuten - på nettopp Ole Bull Scene. «Heim til meg» er ei framsyning laga av Claus Sellevoll i godt samarbeid med regissør Arvid Ones. Med seg på scena har han Vidar Eldholm på piano og Bjarte Aasmul på gitar.


------

Rullestol: Tlf. 55216170
Ingen rabatt for ledsager

På grunn av lydnivå er det ikke tillatt å ta med barn under 3 år på forestilling/konsert på Ole Bull Scene/Lille Ole Bull. Anbefalt aldersgrense på forestilling er 12 år, egne regler gjelder for konserter.