Egil Olsen har turnért og gitt ut plater sidan starten av 2000-talet, og slapp nyleg albumet 'big babies' og no det tilhøyrande livealbumet ‘trio - live & kickin’. «Rareste og fineste om å leve i vanskelige tider» skriver VG, som også omtalar Egil Olsen som «Noe av det fineste og mest underfundige vi har» og som «en av landets morsomste liveartister». 

  «Det største verket han har levert fra seg - det låter som en million dollar!" 

- Big Dipper 

  Med sine melankolske og finurlige viser, og sin underfundige humor og unike kontakt med publikum, har Egil Olsen etablert seg som ein annerledes og eineståande liveartist. Han har spelt konsertar i både Japan, Kina, USA og Tyskland, og stått på dei minste og største scenene og festivalane her i landet. 

  «En av landets aller beste låtskrivere» 

- Audun Vinger / Dagens Næringsliv 

 Egil Olsen har også laga musikk til både film, tv og dataspel. Han hadde nyleg to songar i Netflix-serien 'First Love' og bidrog med rulletekstlåten til den nye norske animasjonsfilmen 'Titina'. I dataspelet 'Dreamfall' har han fleire songar, og dukkar til og med opp som animert 3d-figur med eigen konsert inne i spelet. I tillegg lagar han sine eigne platecover og animerte musikkvideoar, og har hatt sjølvbiografiske teikneseriestriper i Dagbladet om "livet som relativt ukjent superstjerne". Det fins til og med ei Egil Olsen-tributeplate, med norske artistar som tolkar musikken hans. 

Denne konserten inngår i konsertserien Bergen Live Sessions Høst 2024