Bli med på ei heidundrande 50-årsfeiring av Bruce Springsteen sine 2 fyrste album; «Greetings from Asbury Park, N.J.» og «The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle»!

For fyrste gong i Norge blir albuma spelt back-to-back - ærbødig framført av «The Promise - a tribute to Springsteen». Fullt band, blåserekke, tuba, congas og kanskje til og med strykarar. Don’t miss it!

5.januar 1973 slapp Bruce Springsteen sitt fyrste album; «Greetings from Asbury Park, N.J.», og nøyaktig 8 månader seinare slapp han nummer to; «The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle”. Lansert av Colombia Records som den nye Bob Dylan, var kritikkane til dels overveldande, men salet ikkje like bra. Lydbildet og tekstane er av ei anna form enn den Bruce dei fleste kjenner, med funky rytmer og så ordrike tekstar at mr.Dylan sa til Bruce at han måtte vere forsiktig så han ikkje brukte opp alle orda i det amerikanske språket. Tekstane er, ifølge Springsteen, sjølvopplevde, men godt skjult i eit fargerikt persongalleri. Sloppy Sue, Hazy Davy, Weak Knee Willy, Big Bone Billy og Crazy Janey er berre eit lite knippe av personane man møter. Dei to albuma er ein samanhengande fest med drypp av melankoli og drama innimellom. Akkurat som den Bruce vi kjenner. Funky «Blinded by the light», jazzy «Spirit in the Night», stemningsfulle «Sandy», crazy «Wild Billy’s Circus Story», sexy «Rosalita» og episke «NYC Serenade» - alt dette og meir til får du høyre.

«The Promise - a tribute to Bruce Springsteen» oppstod ved feiringa av Bruce din 70-årsdag på Ole Bull Scene i 2019, og har holdt det gåande sidan. No har dei tatt på seg den noko halsbrekkande oppgåva å spele desse to albuma back-to-back – på ein mest mogleg autentisk måte. Du får høyre historier og anekdoter knytt opp mot låtane og kva som skjedde med Bruce på denne tida, og ein unik anledning til å bli kjent med dei skjulte skattane i desse to albuma. Likar du Bruce, så er dette måten å bli kjent med artisten FØR det smalt med «Born to Run» i 1975. Den perfekte oppladning til konsertane sjefen sjølv skal halde i 2023.

Unummererte sitteplasser
Ingen rabatt for ledsager